• Hjem
  • Nyheter
  • Ila hylla anerkjent brassband-komponist i Logen

Ila hylla anerkjent brassband-komponist i Logen

Stemning i Logen

2015-05-10- Trombonesolist Runar Valheim Vªrnes

Runar Valheim Værnes synte fram lekkert og virtuost trombonespel i tolkinga av Bourgeois sin trombonekonsert

Det vart ei stor oppleving når Ila Brass Band under leiing av Bjørn Sagstad hylla den engelske komponisten Derek Bourgeois sundag 10. mai under Frimurerlogens kvelvingar. Bourgeois har ein stor produksjon bak seg og det er dermed umogleg å femne om alle sidene ved Bourgeois komponistgjerning i ein konsert. Vi freista likevel å knytte programmet saman frå tidleg til kontemporær Bourgeois. Serenade (1965), hans opus 22, innleia konserten og er noko av det tidlegaste han skreiv og er mest kjend for. Vidare fekk vi helse på teddybjørnen Biffo i Biffos marsj (2000) før kveldens solist, trombonisten Runar Valheim Værnes, tok scena. Hans tolking av Bourgeois' Trombonekonsert vart for mange høgdepunktet denne kvelden.

Andre avdeling starta med Dereks tolking av Zequinho de Abreus verdsberømte Tico Tico i Fantasia on Tico Tico (1982) før eit av hans nyare verk, Metro Gnome (1999), følgde. Som avslutning på konserten fekk publikum høyre det kraftfulle verket Concerto Grosso (1979), eit tresatsig verk som kombinerer solistinnslag og store tuttiparti. Dette var første gongen Concerto Grosso kunne høyrast i Trondheim sidan nettopp Ila framførte verket før Noregsmeisterskapen i 1998. Framføringa på NM vart krona med 98 poeng, og denne innspelinga har seinare vorte trekt fram som ei av dei store referanseinnspelingane for dette verket. Det var ikkje mange som sat på scena i Logen i 2015 som var med på denne bragda, men ei var det likevel. Ingrid Hesjedal spelte tredjekornett i 1998 og var Ilas prinsipal under helgas konsert.

Vi i Ila takkar alle som kom, og ynskjer alle velkomne til komande konsertar med Ila Brass Band.

Programmet kan du laste ned her.

 

2015-05-10- Konferansier Simen

 Simen G. Husmoen loste publikum trygt gjennom konserten med glimt i auget

 

2015-05-10- Blomster maè til

Solisten får blomar av Marie Kjeldstad foran ein smilande Bjørn Sagstad
 

2015-05-10- Ila Brass Band i Frimurerlogen 2

Ila Brass Band

 

Utskrift E-post