Ein kjempe sluttar

Bernt Skjemstad hadde sitt siste offisielle speleoppdrag for Ila Brass Band under opninga av Landsfestivalen for skulekorps torsdag denne veka. Det er med stort vemod vi takkar av Bernt etter 10 år som juffist og barytonist i ensemblet. I tillegg til å vere ein dyktig musikar har han også vore svært delaktig i drifta og utviklinga av korpset, både gjennom styreverv, som mangeårig medlem i musikk- og besetningsutvalet og som designer av web- og promoteringsmateriell. Vi håpar å sjå både han, kona Marit og borna deira att som medlemer i Ila Brass Band ein gong i framtida når livssituasjonen tillet det.

På biletet under er juff- og barytonrekka samla etter hans siste konsert i Ilaregi, Myte i Erkebispegarden i mai. Bernt, nummer tre frå venstre, smilar som vanleg.

Juffbaryton Myte 2014

Utskrift E-post