Brasswind

Restane etter Rita, orkanen som tok USA med orkan, helsar meg velkomen til Bergen. Kastevindane som trafikkerer luftrommet over Flesland denne fregdagen seint i september er av det hissige slaget og tvingar flyet til å aksellerere i retningar som avvik faretugande frå opprinneleg kurs. Riktignok er hovudformålet med turen min å vitja festivalen BrassWind 2005 som vert arrangert i Bergen denne helga, men eg trur neppe det var denne typen Wind arrangørane hadde i tankane. Heller er det nok, som det står i programmet, ”ein festival for messing, treblås og slagverk.”, ei samling instrument som kan gå under samlebegrepet blåseensembler (wind bands). Logoen for festivalen skal truleg forestille nordlyset, eit fenomen som nok er meir vanleg i heimtraktene til primus motor for festivalen, nordlending og komponist Torstein Aagaard-Nilsen, enn i Bergen. Dette skuldast blant anna at ein som oftast ikkje ser himmelen for berre skyer i vestlandshovudstaden.

Det musikalske innhaldet vert presentert slik i programmet: ”Den beste konsertmusikken vert presentert og mange verk får sin premiere”. Her famnar dei ganske vidt i skildringa si, truleg med tanke på å trekkje flest mogleg publikum til festivalen. I røynda så er nok programtilnærminga noko meir snever, med fokus på nyare musikk skrive av norske komponistar. Eg nemner i fleng; Ørjan Matre, Torstein Aagaard-Nilsen, Stig Nordhagen, Johan Kvandal, Rolf Wallin og Jostein Stalheim. Men også meir eller mindre kontroversiell musikk av utanlandske komponistar står på programmet.

Festivalen tek og mål av seg til å vere ein festival der ”profesjonelle musikarar og dei fremste amatørmusikerane i landet møtest”. Samtidig vart det poengtert frå festivalleiinga at arrangementet ikkje skal vere eit elitistisk forum der berre utvalde elitekorps og profesjonelle blåseensemble vert invitert. Det skal og vise at den kontemporære og, for mange, utradisjonelle musikken også er tilgjengeleg for korps i lavare divisjonar. Ved å jobbe med nye uttrykk og klangbilete som den nye musikken nyttar er det mykje å hente og lære for alle. BrassWind 2005s alibi i så måte var Jølster Musikklag, som stilte med eit variert program som omfatta ny musikk i tillegg til eldre musikk som i si tid av ulike grunnar vart oppfatta som kontroversiell. Under leiing av dirigent Arvid Anthun gjekk dei til oppgåva med dødsforakt og kom svært godt frå det.

Brassbandet er betrakta som eit snevert medium, både klangleg og repertoarmessig. Det kan jo og kanskje argumenterast for at i høve til eit symfoniorkester produserer brassbandet eit klangbilete mykje likt det ein middels norsk tåkelur på vestlandskysten vartar opp med. Det manglar både frekvensar og klangfargar som orkesteret disponerer. Difor vert brassbandet ofte avskrive som mindre kulturelt og sofistikert enn mange andre former for musikk, og følgjeleg vert det ein snever krets entusiastar og familie som følgjer korpsa. I konkurranse med andre ensembletypar har brassbandet tapt terreng, sjølv om mange av korpsa i Norge kallar seg elitekorps og tek mål av seg til å drive korpset tilnærma profesjonelt, både organisatorisk og musikalsk.

Den eldre, klassiske brassbandmusikken, kor god den enn er, har ikkje fungert etter hensikta si, i alle fall ikkje dersom ein måler hensikt i antal publikum på konsert. Det skal ein så klårt ikkje gjere, det er mange gode grunnar til å framføre god musikk, men det er ei kjensgjerning at utan publikum fell meininga med å framføre musikk vekk. I dette ligg og korleis musikken vert presentert. Brød og sirkus fungerte i oldtidens Roma og det fungerer i dag. Dersom vi ikkje skjønar at publikum ikkje berre ynskjer å bli haldne, men underhaldne, har vi eit problem. Då fortener vi ikkje meir publikum enn det vi ofte har på konsertane våre.

Eit korps som har gått i bresjen og skapt eit meir kommersielt tilgjengeleg korpsprodukt er Stavanger Brass Band. Dei har fokusert på show og underhaldning ved blant anna å bruke mykje koreografi, knytte til seg kjende artistar, spele ting utanåt og ved å hyre ein populær (og omstridt) dirigent. Omdømet til korpset har gitt dei innpass på arenaer få korps har entra før. Men retninga til korpset har skapt bølgjer innad røyrsla. Stil, dirigent og musikalsk retning har vore gjenstand for mykje debatt i miljøet. På trass av dette herskar det liten tvil om at Stavanger har lukkast med å gjere brassbandet tilgjengeleg for eit breiare publikum.

No har vi gravd oss djupt ned i depresjon og håpløyse og stadfesta at brassbandet er underlegent andre ensembleformer på mange område. Men har ikkje det kombinerte messing- og perkusjonsensemblet særeigne trekk som skil det ut frå andre og som kan gjere det litt meir interessant å høyre på enn tåkeluren på Kvanhovden fyr?

Etter eit svært leiande spørsmål kjem truleg svaret neppe så uventa på, som Gess-duren kjem på 2. hornisten: Brasswind (for eksempel).

Brasswind kan, etter mi meining, sjåast på som eit forskningsseminar der vitenskapsmenn innan same fagfelt kjem saman og diskuterer og presenterer ny viten for kvarandre. Vi treng i større grad å finne ut kva som fungerer for eit publikum og kva som ikkje gjer det. For å finne ut det må ein gjennom ein innovativ prosess og sjå på ting i eit nytt perspektiv. Det er slett ikkje alt som fungerer og då lyt ein forkaste det eller omarbeide det. Men av og til kjem det fram nye aspekt som kan brukast for å famne eit vidare publikum og som får fram brassbandets unike vesen.

Som eit eige og spanande medium der ein kan bli underhalden, overraska, rørt og forundra på lik linje med andre populærkommersielle produkt.

Brassbandet treng rett og slett eit breiare repertoar, både i ordets bokstavlege forstand og i dets overførte forstand.

Eit større kvantum tilgjengelege verk vil sikre at ein større del av musikken held god kvalitet, samstundes som variasjonen er høgare og det vert lettare å finne passande musikk. At korps og komponistar får ein sårt tiltrengt arena der dei får framført musikken sin er og med på å stimulere til auka frekvens av nye komposisjonar for brassbandet. Det er viktig å gjere blåseensemblet attraktivt nok til at unge og lovande komponistar, som til dømes den 26 år gamle Øyvind Moe, fortset med å skrive og utvikle repertoaret i framtida. Moes ”Sketches of Pain” er eit utmerka døme på kreativ og nytenkjande komponering der komponisten i mange kortare snuttar utforskar ensembleformas moglegheiter og begrensningar. Samstundes ber musikken tydeleg preg av å vere gjennomtenkt og beskrivande i si form.

Vidare innehar messingensemblet eigenskapar som ingen andre ensemble klarar å matche.

Brassbandet har ein enorm kapasitet som til dels ikkje er godt nok utnytta. Publikum vil verte overraska, dei vil verte forundra, dei vil verte skremte og dei vil le. Ta til dømes Jølster Musikklag si framføring av det nye verket til Øyvind Lyslo, ”Imbrassible”. Stykket åpnar med at esskornettisten løftar instrumentet og byrjar å klapre med ventilane. Det som så skjer er at resten av ensemblet hevar sine instrument i ei bølgjerøyrsle frå venstre til høgre, samstundes som dei og byrjar å klapre frenetisk med ventilane. Resultatet vert ein audiovisuell opplevelse (eg elskar det ordet) der man får ein stereoeffekt av lyden samstundes som bølgjerørysla er tydeleg innad i korpset ved at alle løftar instrumenta. Gesten vert sjølvklårt avslutta i revers; det endar opp med esskornettisten som klaprar med ventilane. Denne effekten vil du ha store problem med å gjennomføre i andre ensembleformer rett og slett av fysiske begrensingar og mangel på instrument med ventilar. Lyslo er uhilda i si komponering i den forstand at han aldri har skrive musikk for brassband før. Og kanskje tenkjer ”nye” komponistar noko annleis enn etablerte F-dur og ters-komponistar? Eit anna meir brukt døme på effektbruk er blåsing i instrumentet. Dette er og ein effekt som brassbandet kan gjere med overbevisning grunna dets unike instrumentering.

No seier ikkje eg at vi skal taka heilt laust og skriva komposisjonar for ventil og respirasjon på og gjennom messinginstrument. Men, særeigne og eksklusive brassbandeffektar som beskrive over er med på å gjere ein komposisjon til meir enn berre endå eit korpsnummer.

Virtuositet er og ein god gammal måte å begeistre ei menneskemengde på. Ta til dømes Sverre Olsrud og Tormod Flaten. Førstnemnde spela Stig Nordhagen sin euphoniumkonsert, eit verk hvis musikalske bodskap er noko uklar. Underteikna fekk i alle fall ikkje svært mykje musikalsk glede utav det og såg vel på stykket meir som, og her lyt eg åtvara om eit stygt ord, juffmasturbasjon enn musikk. Men, som ein (makt)demonstrasjon på messinginstrumentets utrulege eigenskapar, som til dømes ekstremt register, frekvens og dynamikk, kjem stykket absolutt til sin rett. At det går an å gaule primale fotballbrøl samstundes som ein framfører duett for euphonium og vibrafon (trur eg det var) vart og demonstrert ved høvesvis Tormod Flaten og Craig Farr.

At stykket opprinneleg vart skrive til åpninga av terassen til Torstein Aagaard Nilsen tykkjer underteikna er noko spesielt. I det heile teke er det noko uvanleg å åpne terassar.

Farr hadde og komponert eit stykke til Flaten som søkte å utforske grensene til euphoniumen. Dette vert nok fort litt for utilgjengeleg musikk for andre enn spesielt interesserte messingfikserte instrumentalistiske brassbandnerdar, men det er likevel viktig å gjere det for nettopp å forske på nye måtar å bruke mediet vårt på.

Med virtuositet kjem også profilane lett til syne. Det herskar liten tvil om at ein ved å dyrke profilar kan oppnå mykje, både internt og eksternt i ensemblet. Ta Espen Westbye i Stavanger til dømes. Han set seg ned på scenekanten i Symphony Hall i Birmingham på festkonserten til British Open 2004 og spelar slepen jazz foran tusenvis av menneske. Eller Øystein Bådsvik, som med sin energi og genuine uttrykk gjer tuba til noko anna enn eit kjedeleg kompeinstrument. Eller Bjørn Sagstad, som dansar arabesk når han dirigerer Stabsarabesk. Vi treng å vere litt mindre treige, å gje medlemer av korpset ein sjanse til å utfalde seg og våge litt meir.

Etter helga kan ein og konkludere med at kvalitet sel. Det er ei enkel sanning, men ofte vanskeleg å få til praksis. Sidan vi er amatørar brukar eg Eikanger Bjørsvik Musikklag som eksempel, men eg kunne like gjerne trekkje fram Divisjonen i Bergen eller Kristiansand Blåseensemble. Ikkje eit vondt ord om dei andre amatørkorpsa som var i aksjon, men innan amatørkorpsrøyrsla er EBML eineståande idet deira framføringar som regel alltid held eit svært høgt nivå. No treng ikkje kvalitet på spelinga vere det som gjer brassbandet til ein publikumsfavoritt, men du kjem langt ved å gje gode, sjølvsikre framføringar over tid.

Eg trur eg oppsummerer dette tankespinnet med å konkludere med at vi treng å tenkja nytt og å utforske vårt medies moglegheiter. Uansett kor få klangfargar folk påstår brassbandet har, trur eg vi har mykje anna snadder å by på. Eg trur og paletten er meir rikhaldig enn det vi anar. Vi treng berre å blande riktig. Her kjem BrassWind inn som arenaen der korps og komponistar vert gjeve høve til å finne den rette blandinga. Ofte endar det med ein matt og dørgande kjedeleg gråfarge eller ein litt for ilter rosa. Men det kan og hende ein slumpar til å blande seg ein herleg ny, frisk og frekk lilla.

 

Utskrift E-post