Besson kuttar sponsing av EM

Besson Musical Instruments Ltd. (og tidlegare Boosey & Hawkes) har informert EBBA (European Brass Band Association) om at dei ikkje fornyar kontrakten med EBBA som hovudarrangør av den Europeiske Meisterskapen.

EBBA er kort fortalt interesseorganisasjonen for brass band i Europa, og har som mål å vidareutvikle det estetiske og sosiale brassbandlivet her. Eit uttalt middel for å nå dette målet er den årlege arrangeringa av nettop EBBC (European Brass Band Championships) med midlar frå sponsorar.

Besson grunnla EM for 27 år sidan, og har sidan det vore hovudsponsor og har investert mykje pengar og prestisje i arrangementet. Dei eig også rettigheitene til tittelen "Europeisk Meister". Hovudgrunnen til at dei no stoggar sponsormidlane er at konkurransen i dei seinare åra har utvikla seg til å bli ein vekeslang festival, med eit mangslungent program, som difor kostar for mykje pengar å gjennomføre. Dei ynskjer å overføre ansvaret for å arrangere sjølve eliteseksjonen av konkurransen (dei beste banda frå medlemslanda i EBBA) frå EBBA til eit privat selskap kalla Kapitol Promotions Ltd, mens EBBA får fullt høve til å arrangere sine festivalaktivitetar i tilknytning til EBBC, dog utan sponsorstøtte frå Besson. Desse festivalaktivitetane har dei siste åra utvikla seg til å omfatte blant anna:

  • European Composers Competition
  • European Soloists Competition
  • European Conductors Competition
  • Seminars for Musicians and Conductors
  • European Youth Brass Band

EBBA på si side slår tilbake og stadfestar i ei pressemelding:

EBBA see Besson's decision as an unwanted re-privatisation of an event owned by the bands, the national associations and the European band movement.

  1. EBBA will take over completely the management of the contest from January 1st 2005 and organise it under the name of 'EBBA European Brass Band Contest'.
  2. EBBA will continue to work with all of the democratically elected future organisers and also with the various other sponsors under contract.
  3. EBBA, Markus S. Bach and all the members of the Executive Committee will not work together with the private organiser Kapitol Promotions Ltd.
  4. The next EBBA European contest will be in Groningen, Netherlands, from April 23 to May 1 2005 with the championships for the A and B sections and a competition for the young conductors. The EBBC contest for 2006 will be in Belfast, Northern Ireland, from April 22 to April 30.

Dersom ikkje partane blir einige om dette kan det medføre at det vert arrangert to EM neste år. Det er verdt å nemne at til no har både Scottish Brass Band Association (SBBA) og Noregs Musikkorps Forbund (NMF) gått ut og støtta EBBA og tala deira sak.

Utskrift E-post